Treningsløp onsdag 1. juli
Postet av Endre Ulsaker den 29. Jun 2020
Siste løpet før sommarferien er frå Hulbak onsdag 1. juli. Samlingsplass på Hulbak, men både start og mål på dei lengste løypene er lagt på toppen av Hulbakkleiva, så då blir det færre høgdemeter under sjølve løpet. På dette siste løpet før ferien er det berre 3 løyper, nybegynnarløype på 1,5 km, kort/mellom på 2,7 km og lang på 4,4 km.
Det er merka frå RV. 52 ved avkøyringa til Hulbak. Nybegynnarane kan starte frå kl. 17.30 og andre løparar frå kl. 18.
Heile terminlista finn du her: Terminliste 2020.pdf
Under ser du utsnitt frå den lengste løypa:
Vi minnar om dei viktigaste smittevernreglane:
- Det er ingen stempling på nybegynnerløypa. Deltakarane noterer kode som står på postane.
- Valfri stempling på dei andre løypene, men alle som brukar brikke må vaske hender og brikke med sprit før start.
- Ingen tek på same utstyret. Karta er ferdige på førehand og lånte kompass blir vaska godt.
- Vask hendene før og etter at du har vore på trening. Håndsprit er tilgjengeleg på løpet.
- Manuell tidtaking er mogleg
- Innbyrdes avstand skal være minimum 1 meter. Hugs spesielt på dette før og etter løpet.
- Det er ikkje lov å vere meir enn 5 personar i ei gruppe og desse skal halde god avstand, så sant dei ikkje er i same familie.
- Fint om «nybegynnarane» kjem kl. 17.30, medan reisten kjem kl. 18 eller seinare.
- Det blir ingen servering av frukt og drikke. Deltakarane tek med eigen drikkeflaske.
- Personar i karantene eller med symptom på sjukdom skal ikkje delta.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Endre Ulsaker

Nye hjemmesider fra 1. august
09.08.2021

Resultater treningsløp onsdag 11. august
09.08.2021

Resultater fra treningsløp 30. juni
30.06.2021

Geilo 28.07 - 01.08: 5 løp på 5 dager!
26.06.2021

Filefjellmesterskapet - søndag 25. juli
26.06.2021

Årets turorientering er klar
26.06.2021