Resultatliste Gravsetrennet 2017

Postet av Hemsedal IL den 25. Nov 2017

Laurdag 2. desember var det klart for Gravsetrennet 2017. Rennet gjekk i klassisk stil med 30 sek. startintervall. 173 løparar stilte til start. 

Resultatliste Gravsetrennet 2017.PDF

startliste.PDF      Link til uoffisiell resultatliste på EQTIMING 

Invitasjon til Gravsetrennet 2017.pdf

Påmelding Gravsetrennet 2017

Løypekart Gravsetrennet.pdf

Gravset værstasjon    Gravset webkamera    Værprognose Gravset




Avslutningskveld fredag 27. oktober

Postet av Hemsedal IL den 18. Okt 2017

Sesongavslutning for o-gruppa blir på Kyrkjestugu fredag 27. oktober kl. 18.00.

Det blir:

  • Litt informasjon frå styret
  • Pizza og brus
  • Konkurranse / leik
  • Premieutdeling frå klubbmesterskapet
  • Utdeling av deltakarpremie og innsatspremie.

Vi håpar du kan koma. Om du har vore på mange eller få løp spelar ingen rolle. Pizza og brus er gratis. Vi reknar med å vere ferdige til kl. 19.45.




Nattorientering onsdag 27. september

Postet av Hemsedal IL den 25. Sep 2017

Sesongens siste og kanskje mest spennande o-løp, nattorienteringa, gjekk av stabelen onsdag 27. september, med start frå Tuv skule. 30 løparar deltok. 

Resultater nattorientering.pdf





Hallingtreffen 5 på Ål 20. september

Postet av Hemsedal IL den 19. Sep 2017

Årets siste Hallingtreff er onsdag 20. september. Løpet går på Syningen-kartet med start frå kl. 17.30. Det er merka frå Torpo sentrum (ved Tretterud Sport).

NB! Felles avreise frå KIWI kl. 16.45

Resultater Hallingtreffen 5

Meir info: Invitasjon Hallingtreffen 5.pdf




Hemsedal vann stafetten!

Postet av Hemsedal IL den 8. Sep 2017

Nesbyen IL arrangerte Hallingdalsmeisterskap i stafett sundag 17. september på kartet Drifteslepa. Ål stilte med eitt lag, Nesbyen hadde 3 lag og Hemsedal stilte med 4 lag. 

På fyrste etappe gjekk det unna og Arnstein Sørbøen (Ål ) sprang den 3,7 km lange fyrsteetappen på 25 minutt og veksla fyrst. Hakk i hel kom Andres Rudningen (Hemsedal 1) og Pål Gunnar Mikkelsplass (Nesbyen 1). Eit sterkt løp av Andres! Desse tre laga hadde fått stor luke til dei andre laga på fyrste etappe. Halvor Rudningen (Hemsedal 2) veksla som nummer 4.

På andre etappe passerte Sindre Ulsaker (Hemsedal 1) Ål på veg til fyrste post og dermed var Hemsedal i tet. Sindre hadde beste etappetid og sendte Neil Marston ut med om lag 5 minutts leiing på tredje og siste etappe. Jakob Huso (Hemsedal 2) og Kjell Huso (Hemsedal 3) hadde også gode etappetider på andreetappe. 

Vidar Sire (Ål) sprang ut som nummer to på tredje etappe, medan Nesbyen 1 med Kristen Mikkelsplass sprang ut som nummer tre. Kristen gjorde eit kjempeløp og hadde beste tid på siste etappe. Han sprang Nesbyen 1 opp til andreplass, men klarte ikkje å ta igjen Neil. I mål var han om lag 2 minutt bak Neil. Dermed vart det nok ein stafettseier til Hemsedal, den fjerde på rad, og ny vandrepokal til odel og eige.

Resultater HM  stafett 2017.pdf

Meir info om arrangementet: Invitasjon HM stafett 2017.pdf

Vinnarlaget: Sindre, Andres og Neil


Seierspallen: Ål (3. plass), Hemsedal (1. plass) og Nesbyen (2. plass)

Åtte spente løparar på startstreken



Kartutsnitt Drifteslepa




Resultater Hallingdalsmeisterskap

Postet av Hemsedal IL den 8. Sep 2017

Hemsedal IL arrangerte Hallingdalsmeisterskap i orientering onsdag 13. september. Løpet gjekk på nytt Vannin-kart med start på Gravset . 65 løparar deltok. Beste tid på lengste løypa hadde Vidar Sire i H19, tett etterfulgt av Kristen Mikkelsplass i H17-18. Det var fleire tette og jamne klassar, ikkje minst H70 og H35. Beste kilometertid av alle løparane hadde unggutane Sindre og Jakob i H13-14, der Sindre var nede i 6 min og 50 sek. på kilometeren og Jakob hadde ca. 8 min/km.

Vi gratulerer alle hallingdalsmeistrar og minner om stafetten på Nesbyen fyrstkomande sundag.

Rune var løypeleggjar og hadde lagt fine løyper. Mykje regn siste tida gjorde myrene tunge.

Resultater Hallingdalsmeisterkapen 2017.pdf

Invitasjon til arrangementet: Invitasjon HM 2017.pdf


Biletet er teke lengst sør på Vannin-kartet


Utsnitt frå Vannin-kartet




Klubbmeisterskap onsdag 6. sept.

Postet av Hemsedal IL den 7. Sep 2017

Årets klubbmeisterskap gjekk i Lio onsdag 6. september. Været var ikkje heilt optimalt, men telt, gapahuk og bål gav god stemning. Knut Terje og Yngve hadde lagt fine løyper. Neil var raskast på lang løype, medan Øyvind hadde beste tid på mellomlang.

Resultater klubbmesterskap 2017.pdf





Resultat treningsløp 30. august

Postet av Hemsedal IL den 29. Aug 2017

Onsdag 30. august var det mogleg å prøve seg på KM-postar i området rundt Fuglehaugen. Vi brukte KM-postar frå stafetten og sydde saman fire "nye" løyper.

Rune vann lang løype, medan Jan Vidar hadde beste tid på mellomlang løype. Resultater

Neste onsdag er det klubbmesterskap i Lio, med start frå Toril og Hans Vidar. Merka frå Rv. 52




Hallingtreffen 4 på Gol 23.08

Postet av Hemsedal IL den 21. Aug 2017

Onsdag 23. august er det klart for fyrste Hallingtreffen etter ferien. NB! Løpet går på Solseter-kartet på Gol og ikkje på Hallingmo-kartet, slik som antyda på terminlista. Dag Stemsverk er løypeleggjar.

Oppmøte på Kiwi kl. 17 for samkøyring.

Vel møtt!




Halvor og Sindre på Hovedløpet 2017

Postet av Hemsedal IL den 13. Aug 2017

Halvor og Sindre deltok på Hovedløpet på Beitostølen 11. og 12. august. Hovedløpet er uoffisielt NM for 14, 15 og 16 år, så konkurransen er tøff.

Fredag var det sprint i hyttefelta på nedsida av Beitostølen sentrum. Sindre hadde god flyt, traff postane bra og sprang nok sitt beste løp i år. Det enda med 8. plass av totalt 78 løparar i H14 og var med det beste Buskerud-løper i guteklassane. Morosamt å få det til å klaffe på eit så viktig løp. Halvor sprang også veldig bra og hadde fått 25. plass av totalt 95 løparar i H15 om han ikkje hadde sprunge forbi siste post på veg til mål, men det gjorde han og då vart det dessverre disk.

Laurdag var det langdistanse med start over tregrensa. Halvor var revansjesugen etter sprinten og målet var premieplass (beste tredjedel). Halvor sprang godt og klarte premieplass med sin 28. plass av totalt 91 løparar i H15. Ein god prestasjon, sjølv om det vart litt lenger ned på lista enn hans sterke 19. plass på langdistansen i fjor. Sindre opna godt og låg på 12. plass etter fyrste langstrekket, men det vart dessverre ein del bomming seinare i løpet. Han var ikkje fornøyd og enda omtrent midt på resultatlista.

Begge gutane deltek på Hovedleiren, som blir avslutta med kretsstafett på tysdag.

Hovedløpet 2017



Halvor og Sindre i ivrig kartdiskusjon etter langdistansen.


Mykje folk på premieutdelinga.




Treningsløp onsdag 16. august

Postet av Hemsedal IL den 13. Aug 2017

Treningsløpet onsdag gjekk på nyrevidert Vannin-kart med start og mål ved Aalrust. Fam. Mestvedthagen var løypeleggjarar og dei hadde lagt både o-teknisk og fysisk krevjande løyper. Langløypa vart vunne av Neil, medan Ove vann mellomlang,

Resultater treningsløp 16. august

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Solseter (Gol) og ikkje på Hallingmo-kartet i sentrum, som det står på terminlista. Felles avreise frå KIWI kl. 17.


Kartutsnitt Vannin




O-drakter

Postet av Hemsedal IL den 13. Aug 2017

O-gruppa har no fått inn att o-drakter, så ta kontakt med Inger Solveig derom du treng ny bukse, trøye eller begge delar. Inger Soveig tek med o-drakter på fyrtkomande treningsløp, som er i Aalrust onsdag 16. august. O-draktene kan også prøvast og hentast hjå Inger Solveig i Vettrevegen 11, Svøo.

O-gruppa sponsar 50% av drakta til alle under 18 og 25% til dei vaksne.

Prisane blir dermed slik:

Barn og ungdom tom. 18:

O-trøye lang arm    (XS-XXL)  220,-  (str. 160) 205,-

O-trøye kort arm    (XS-XXL)  199,-  (str. 160) 189,-

O-bukse                   (XS-XXL) 220,-  (str. 160) 205,-

O-leggar                   (S-XL) 169,-

 

Vaksne:

O-trøye lang arm   (XS-XXL) 329,-

O-trøye kort arm   (XS-XXL) 299,-

O-bukse                   (XS-XXL) 329,-

O-leggar                   (S-XL) 255,-

 

Faktura blir sendt ut på slutten av sesongen.


Her er link til størrelsesguide:

http://trimtex.no/no/storrelse...





Resultater treningsløp 9. august

Postet av Hemsedal IL den 5. Aug 2017

28 hemsedøler trossa regnværet og reiste heilt opp til Bjøberg for å springe o-løp 9. august. Våte vart dei, men god trening fekk dei. Kjell hadde lagt 4 fine løyper. På lang løype var Ole raskast, etterfulgt av Neil og Jakob.

Ressultater.pdf

Vi satsar på bedre vær og større deltaking på neste treningsløp. Det går på nytt vannin-kart onsdag 16. august kl. 18. Start ved Aalrust.




KM 26. og 27. august. Bilder og resultater

Postet av Hemsedal IL den 5. Aug 2017

KM 2017 for Buskerud er unnagjort og vi håpar alle er godt fornøyd med arrangementet. Det var mange blide fjes og det verka som løparane var fornøyd med både løyper, terreng, samlingsplass og ikkje minst været. Vi synes det var veldig kjekt med godt over 300 deltakarar!

Vi gratulerer alle kretsmeistrar, både i individuelt og i stafett!


Resultater KM individuelt

Resultater KM stafett                 Resultater individuelle klasser søndag


PM.pdf      Eventor KM lang    Eventor KM stafett

Nokre bilete frå sundag:













































































Nokre bilete frå laurdag:

Samlingsplass sett frå sistepost.

Stempling på sistepost.

Grei utsikt frå samlingsplass
























Eit fristande premiebord!


Hemsedals einaste kretsmeister kom i H13-14, Sindre Ulsaker

Frå samlingsplass før løpet.

Frå løpsterrenget laurdag.





Kr 40 000 i støtte frå Sparebankstiftelsen

Postet av Hemsedal IL den 29. Jun 2017

O-gruppa vil få rette ein stor takk til Sparebankstiftelsen Hallingdal for støtten på kr 40 000 til revideringen av Vannin-kartet, som vart teke i bruk på treningsløpet 28. juni.

For å drive orientering trengs det oppdaterte kart og det er kostbart å lage orienteringskart. Støtten frå Sparebankstiftelsen kjem difor godt med og vi er sikre på at kartet kjem til å til å gje, både hemsedøler og andre, mykje glede og mange flotte opplevingar i skogen i åra framover.








Resultater treningsløp 28. juni

Postet av Hemsedal IL den 25. Jun 2017

60 løparar deltok på siste o-løpet før ferien, som gjekk på det nyreviderte Vannin-kartet. Fam. Jordheim hadde lagt fysisk og o-teknisk krevjande løyper.

På lang løype vart det suveren seier til Ole, med Rune på andreplass.

På mellomlang løype var det jamnare og ikkje uventa var det Ove og Kjell som kniva om seieren. Ove trakk lengte strået og var 19 sek. raskare enn Kjell. Lenger ned på lista var det også jamnt, med bl. a. 4 løparar på 55-talet.

Kort løype vart vunne av Sissel.

Resultater treningsløp 28 06 2017.pdf

Neste o-løp er ikkje før onsdag 9. august. Då blir det "fjell-orientering" på Mørkedalen-kartet, med start litt før Bjøberg.

Fekk ein koseleg melding frå mottaket på Langeset, der ein liten gjeng takkar for opplæring og fine opplevingar med o-gruppa, før dei no reiser vidare. Det har vore kjekt å ha dei med på o-løp. I dag sprang Iqbal både kort og mellomlang løype og det gjekk veldig bra, så i kveld har han smakt på mestringsfølelsen og smilet var stort :)










Sørlandsgaloppen 6. - 9. juli

Postet av Hemsedal IL den 20. Jun 2017

Velkomen til sol, sommar, ferie og orientering i Larvik frå torsdag 6. til sundag 9. juli, då årets Sørlandsgalopp går av stabelen. Hedrum orienteringslag og Larvik orienteringsklubb er arrangør.

Det hadde vore kjekt med ein gjeng frå Hemsedal på desse løpa, sjølv om det kolliderer med Hemsedal rulleskifestival. Delar av fam. Ulsaker og Rudningen kjem til å delta, men kjekt om vi blir endå fleire. Gje beskjed til Endre om du har lyst til å vere med. Ordinær påmeldingsfrist er måndag 26. juni, men mogleg med etteranmelding.

Arrangørane har som mål å skape eitt godt ferieløp, med spesielt fokus på dei unge. Det blir eit breitt løpstilbud med sprint-, mellom- og langdistanseløp, alle går på nytegna og rykande, ferske kart.

Sørlandsgaloppen 2017

Invitasjon


http://eventor.orientering.no/Events








Resultater Hallingtreffen 3

Postet av Hemsedal IL den 18. Jun 2017

Tredje Hallingtreffen gjekk på Fuglehovda-kartet 21. juni. 59 ivrige o-løparar stilte til start på og Nils Kjell og Marit Kolbjørnsgard hadde lagt alt til rette for ein flott ettermiddag med sol og flott løpevær. 18 hemsedøler deltok og 7 av desse vart klassevinnarar. Neil vann H19.

Resultater Hallingtreffen 3

Invitasjon til Hallingtreffen 3.pdf






69 deltakarar på treningsløp 14. juni

Postet av Hemsedal IL den 12. Jun 2017

Treningsløpet onsdag 14. juni gjekk på Torsetåsen-kartet, med start frå skytebanen. Ole hadde lagt fine løyper med rekordmange postar. 69 løparar deltok. Ola var klart raskast på lengste løypa, medan vår nyinnkjøpte nesning, Ola Arnfinn, hadde beste tid på mellomlang løype.

Resultater treningsløp 14.6.2017.pdf

Neste Onsdag er det Hallingtreffen på Ål. Felles oppmøte på KIWI kl. 17.







Turorientering

Postet av Hemsedal IL den 10. Jun 2017

Hemsedal 365 ved Neil har lagt ut en del turorienteringsposter på kartene Langeset, Torsetåsen, Tuv og Lio. Det er korte runder i fint skogsterreng og kan godt brukes til trening. Vannfast kart koster kr 60,- og kan kjøpes på turistkontoret.

Mer informasjon: turorientering.pdf






Resultater Hallingtreffen 2

Postet av Hemsedal IL den 1. Jun 2017

Sesongens andre Hallingtreff gjekk av stabelen onsdag 7. juni. Denne gongen var det Hemsedal IL som var arrangør, og løpet gjekk på Tuv. Start var ved bustadfeltet.

Resultater Hallingtreffen 2

Invitasjon Hallingtreffen 2

Vel møtt!






Resultater o-løp Langeset 31. mai

Postet av Hemsedal IL den 28. Mai 2017

Onsdag 31. mai kl. 18 var det vanleg treningsløp på Langeset-kartet, med start litt forbi avfallsmottaket. På dei to lengste løypene var det to eller tre korte rundar med kartbytte. Rune vann lengste løypa, medan Terje hadde beste tida på mellomlang. Lars Einar var løypeleggjar.

Resultater







Sigurd vann sykkelorienteringa

Postet av Hemsedal IL den 23. Mai 2017

Sundag 28. mai var det sykkelorientering, med start utanfor turistkontoret. 32 postar var teikna inn på turkartet og syklistane avgjorde sjølv kva postar dei ville ta. Postar som låg langt vekk gav mest poeng og målet var å samle flest poeng i løpet av 2 timar, eventuelt i løpet av 1 time.

Sigurd vann 2 timers varianten med 270 poeng. Sevat tok andreplassen med 255 poeng.

Resultater sykkelorientering 2017






Resultater Hallingtreffen 1

Postet av Hemsedal IL den 21. Mai 2017

Onsdag 24. mai var det klart for fyrste Hallingtreffen, med Nesbyen IL som arrangør. 16 hemsedøler deltok. Løpet gjekk på kartet Svangtjern mellom Bromma og Eggedal.


Resultater Hallingtreffen 1





54 deltakarar i snøvær på Svøo

Postet av Hemsedal IL den 9. Mai 2017

Dei ivrigaste o-løparane lot seg ikkje stoppe av snøværet onsdag 10. mai. Sjølv om det stort sett var kvitt i skogen stilte heile 54 løparar opp. Elin, Halvor og Sindre hadde lagt krevjande løyper og det vart ikkje mindre krevjande med kvitt underlag.

Resultater treningsløp 10. mai.pdf

Neste onsdag er det 17. mai, men onsdagen etterpå er det klart for fyrste Hallingtreffen, som går på Todalen-kartet i Nes. Møt opp på Kiwi kl. 17 for samkøyring. Sundag 28. mai er det sykkelorientring på turkartet.


Max og von Tangen jr lot seg ikkje skremme av litt snø.

Torhild stemplar på siste post.


Gapahuken kom absolutt til nytte!


Tilde fann lett sisteposten


Knut Terje leverte eit godkjent løp på mellomlang løype


Nils Erik hadde nest beste tid på mellomlang løype, men hadde ein liten venstresleiv inn mot siste post.


Postdetaljen på siste post var pytt.


Kari og Erle kosa seg på tur


"Nesningen" Ola Arnfinn har vorte hemsedøl og spring no for Hemsedal IL :)


Andres sprang veldig bra, men stempla dessverre feil på ein post. Rune har hatt bedre dagar....


Ein ung løypeleggjar-trio: Halvor, Elin og Sindre


Lars Einar og Narve i ivrig diskusjon etter løpet.







Resultater treningsløp 3. mai

Postet av Hemsedal IL den 1. Mai 2017

Sesongens fyrste treningsløp var onsdag 3. mai kl. 18, med start frå Mørken. 62 løparar deltok på sesongpremieren.

På mellomlang løype vann Ove ganske klart, medan Neil hadde beste tid på langløypa.

Resultat treningsløp 03.05.2017.pdf

Neste o-løp er på Svøo onsdag 10. mai. Vel møtt!








Terminliste 2017

Postet av Hemsedal IL den 23. Apr 2017

Sesongens fyrste o-løp er planlagt onsdag 3. mai, med start frå Mørken (merka frå Hjelmen). Som vanleg vil o-løpa gå på onsdagar, med start frå kl. 18. Vel møtt til ny sesong!


Terminliste 2017.pdf


Terminliste med oversikt over løypeleggere og medhjelpere 2017.pdf


Info til løypeleggjar og medhjelpar 2017.pdf





Årleg møte i O-gruppa

Postet av Hemsedal IL den 1. Feb 2017

Tid: Tysdag den 14. februar 2017 kl 20:00

Stad: Klubbhuset

Sakliste:

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 2. Val av møteleiar

Sak 3. Val av referent

Sak 4. Årsmelding 2016

Sak 5. Rekneskap 2016

Sak 6. Budsjett 2017

Sak 7. Val


For styret den 1.2.2017

Knut Terje Venås

Leiar




Resultater og bilder fra KM fristil

Postet av Hemsedal IL den 29. Jan 2017

320 løpere deltok på KM fristil søndag 29. januar. Løpet var også en del av sparebank1 cup . Det var 5 kuldegrader og lett snøvær. Arrangementet gikk knirkefritt og det så ut som løperne var fornøyde.

Resultater KM fristil


Under følger noen bilder fra dagens løp.





Resultater og bilder fra KM klassisk

Postet av Hemsedal IL den 28. Jan 2017

Det var raskt føre og fine forhold på KM klassisk lørdag. Vi håper og tror alle hadde en fin dag og lader batteriene til morgendagen. Da er det KM fristil med Sparebank1 cup som står på programmet.


Resultater KM klassisk


Bilder fra premieutdelingen:

Jenter 8 år

Gutter 8 år


Jenter 9 år


Gutter 9 år


Jenter 10 år




Gutter 10 år

Jenter 11 år


Gutter 11 år

Jenter 12 år




Gutter 12 år

Gutter 13 år


Jenter 13 år


Jenter 14 år


Gutter 14 år


Jenter 15 år



Gutter 15 år


Jenter 16 år

Gutter 16 år



Jenter 17 år



Gutter 17 år



Jenter 18 år



Gutter 18 år



K 19-20 år



M 19-20 år

Kvinner senior




Menn senior (KM-medaljører)

Menn senior

Kasper Herland, Hemsedal IL, går inn til sølv i G 16 år.



Det var bra kvalitet på løypene, til tross for alt mildværet i januar.







Startlister KM 28. og 29. januar

Postet av Hemsedal IL den 18. Jan 2017

Hemsedal IL ynskjer velkomen til KM for Buskerud 28. og 29. januar. Det er klassisk på laurdag og fristil på sundag. Fyrste start er kl. 12 begge dagar. Sundagens løp er også ein del av Sparebank1-cup for 13 år og eldre. Påmeldingsfrist: Onsdag 25. januar.

Mildværet i forrige veke har leita hardt på snøen, men det er nok snø til at vi kan bruke 3 og 5 kilometeren også, sjølv om desse ikkje har kunstsnø heile vegen. Det er skuffa på meir snø på nokre få plassar, for å få bra forhold i heile løypa. 2-kilometeren har kunstsnø og gode forhold.


NB! Det vil vere stakefrie soner på laurdag. Staking i desse partia kan medføre disk!


Resultater KM klassisk

Startliste laurdag.PDF

Live resultater laurdag (Uoffisielle resultater)


Startliste sundag.PDF

Live resultater sundag (Uoffisielle resultater)


Invitasjon KM

Påmelding klassisk
Påmelding fristil

Løypekart.pdf

Gravset værstasjon
Gravset webkamera
Værprognose Gravset

Dugnadsliste KM







Resultater tysdagsrenn 10. januar

Postet av Hemsedal IL den 7. Jan 2017

Sesongens fyrste tysdagsrenn gjekk 10. januar. Rennet gjekk i fristil og hadde 56 deltakarar.


Resultater tysdagsrenn 10.01.2017