Info til løypeleggjar og medhjelpar
Postet av Hemsedal Idrettslag den 6. Mai 2018
Info til løypeleggjar og medhjelpar
Medhjelparen skal vere med å arrangere på løpsdagen og kanskje spesielt ta seg av nybegynnarane. Medhjelparen kjøper inn saft (3 liter), pappkrus (50 stk.), frukt og twist
(2 pakker) på KIWI. Beløpet skal førast på o-gruppa sin konto (nr. 56) på KIWI. Fint om kvittering blir lagt i konvolutt som ligg i o-kassa.
Medhjelparen tek med ca. 10 liter ferdigblanda saft. Det er viktig at både løypeleggjar og medhjelpar møter minst ein halv time før løpet (kl. 17.30). Det er fint om medhjelparen kan vere med og ta inn postar etter løpet.
På vanlege treningsløp skal det leggjast 4 løyper:
• Nybegynnarløype (1,5 - 2,0 km): Denne løypa skal fylgje tydelege detaljar som sti, bekk, jordekant, gjerde, kraftline, tydeleg myr o.l. Legg løypa og postane så enkelt du kan. Bruk merkeband dersom det er eit litt vanskeleg strekk. Løypa skal ha minst 6 postar. Vi brukar ikkje EKT, men vanlege stifteklemmer. Nokre gonger vil løypa vere teikna av Endre, og oppgåva di blir då berre å hengje ut postane.
• Kort løype (2,5 - 3,0 km): Denne løypa skal vere nokså enkel. Postane skal liggje på eller nær tydelege detaljar. Du kan godt bruke store delar av nybegynnarløypa, kombinert med dei enklaste postane på mellomlang.
• Mellomlang (ca 3,5 km): Løypa bør vere nokså krevjande. Fint om du klarer å lage nokre ”vegvalsstrekk.”
• Lang løype (ca 5 – 5,5 km): Krevjande løype. Du kan godt bruke store delar av mellomlang løype.
Andre praktiske opplysningar for løypeleggjaren:
• Postar, kart, løpskasse, bord m.m. hentar du på siste løpet før ditt eige, eller hjå den som hadde dette. Kontaktperson dersom noko manglar er Endre (901 16 272).
• Postane må takast inn og leverast i løpet av ei veke. Postane tek du med på fyrste løpet etter ditt eige, og leverer til nestemann på lista. Vi har to sett med postar.
• EKT skal brukast på dei tre lengste løypene, men ikkje på nybegynnarløypa. På postane med EKT brukar vi no kun blanke postar. Koden står på postenheten.
• Reine nybegynnarpostar skal ha post med bokstavkode og stifteklemme. Nybegynnarpostar som andre løyper også brukar, skal vere blanke og ha både stifteklemme og postenhet.
• Vi ynskjer å ha ferdig påteikna kart på løpa våre. Lever difor dei ferdige løypene til Endre måndag kveld (eller før), så teiknar han desse på data og skriv ut.
• Løypeleggjaren bør ta kontakt med medhjelparen eit par dagar før løpet.
• Løypeleggjar har ansvar for å merke vegen til start. Alle løp skal merkast frå rv. 52
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Hemsedal Idrettslag

Treningsløp i Gravset onsdag 9. juni
07.06.2021

Trenger du ny o-drakt?
07.06.2021
test
23.05.2021

Resultater treningsløp 19. mai
20.05.2021

Smittevern på våre treningsløp
17.05.2021